Baby og born
Fotograferingane er ofte energiske og effektive, men vi tar oss tid til å utforske og leike for å fange naturlege og fine augeblikk av stort og smått som skjer. Sett av ein god time, og saman finn vi ein eigna plass å vere. Eg likar aller best å fotografere utandørs, det bidrar på mange måtar til meir avslappa og uformelle bilete, det gjev blant anna meir variasjon i bakgrunnane, meir å finne på, samt eit naturleg og meir levande lys.
Til dømes er 1-årsfotograferingar er eit veldig fint tidspunkt å forevige utrykk og personlegheit på. Nokon kan gå, nokon kan springe og nokon sitt heilt i or og synst det er mest spennande å sjå kva dei rare vaksne bak kameraet finn på.
Har bornet søsken så er dei sjølvsagt velkomne til å vere med!
Vil du sjekke prisane eller ta kontakt?
Du når meg på hei@sandradesignogfoto.no elles så finn du meg på Facebook og Instagram.
Håpar eg høyrer frå deg!














