Forevige eit av livets viktigaste dagar

Planlegginga tek månader, men sjølve dagen går på eit blunk! 

For å kunne gjenoppleve magien igjen og igjen, er foreviga av dei små og store augeblikka uvurderlege. Eg fotograferte mitt fyrste bryllaup i 2011 og har sidan den gong opparbeidd meg brei erfaring med å fange kjærleiken. Sjølv gifta eg meg i 2017 og har fyrstehands erfaring med å vere brud og alt som følgjer med!  

Eg gler meg til å bruke mi erfaring til å fortelje dykkar historie gjennom linsa mi. 

Pakke 1

Heil dag

Frå frisøren til festen. Eg følgjer dykk gjennom heile dagen og fangar dei store augeblikka og dei små: eit lurt smil, ei god latterkule og blikka mellom dåke to. Stemningsfulle bilete de kan sjå tilbake på resten av livet. 

  • Førebuingsmøte
  • 12 timar fotografering
  • Etterarbeid og levering av 800 bilete 

30 000,-

Pakke 2

Halv dag

For eksempel frå pynting til familiebilete, eller frå seremoni til bordsetting? De bestemmer kva som skal forevigast. 

  • Førebuingsmøte
  • 6 timar fotografering
  • Etterarbeid og levering av 400 bilete 

22 000,-

Pakke 3

Berre de to, når og der de vil

Vil de heller ta bryllaupsbileta ein annan dag? Det skapar ei rolegare stemning og vi kan reise akkurat dit de drøymer om. Redningsvest eller fjellsko, de bestemmer. 

  • 3 timar fotografering
  • Store komposisjonar, nære portrett og små detaljar
  • Etterarbeid og levering av 100 bilete  

12 000,-

Praktisk informasjon

Dei beste bileta frå fotograferinga vert plukka ut og bearbeida før dei vert levert som digitale høgoppløyselege filer i eit digitalt galleri. Leveringstida i høgsesongen er mellom 2 til 4 veker.

De kan bruke bileta til fri privat bruk, og eg vil gjerne bruke augeblikk frå fotograferingane i eiga marknadsføring. Eg sett stor pris på kreditering med namn og link til Sandra design og foto på Facebook / Instagram eller nettsida mi ved deling i sosiale medium.

Prisane er inkludert mva, men ikkje reiseutgifter. Køyretillegg kr 4 pr. km.

Sei gjerne hei!
hei@sandradesignogfoto.no