Slik dei verkeleg er

Anten det er ein eittåring som observerer dei rare vaksne bak kameraet med stor skepsis, eller heile familien på tur, eg liker å sikte inn mot det avslappa, ekte og til tider kaotisk. Akkurat slik det skal vere.

Eg fotograferer aller helst utandørs, der lyset er levande og det alltid er noko å finne på. I staden for å stille dykk opp på rekke og rad oppfordrar eg til å gjere noko saman, som å leike, gå ein tur eller berre vere seg sjølv. Dei beste bileta kjem gjerne når folk gløymer at kameraet er der.

Når vi fyrst er i gong er det naturleg å ta bilete av søsken saman, born med kvar av foreldra, og kanskje nokre kjærestebilete av dei vaksne. Sett av ein god time, så finn vi saman ein stad som passar.