Plastkvalen på Sotra har gjort inntrykk på mange, der i blant Torvald Bakke. På grunn av dette fekk han ein idé om å lage treleikar og interiør av gjenbruksmateriale og rekved. Alt ifrå maling til emballasje er naturleg og giftfritt, heilt utan plast. Namnet vart på verksemda vart Goffa (bestefar).

Saman utvikla vi den visuelle profilen som er tatt i bruk på blant anna emballasja, visittkort, roll-up og på nett. Ein minimalistisk, retroprega og typografisk logo som gjer seg godt på alt frå ubleika kartong til skjerm.

Besøk han gjerne på https://goffa.no eller ta turen til verkstaden hans på vakre Glesvær.

#

Comments are closed