Meir enn berre fine klede

Har du ein konfirmant i hus? Eg anbefaler å setje av ein eigen time til fotografering, gjerne på ein annan dag enn sjølve konfirmasjonsdagen. Med ei rolegare stemning får vi betre tid, og konfirmanten kan skifte antrekk om det er ynskjeleg.

Eg fotograferer aller helst utandørs, der lyset er naturleg og bakgrunnane varierer. I staden for oppstilte poseringar oppfordrar eg konfirmanten til å røre på seg, ha det litt moro og vere seg sjølv, det er då ein får dei mest naturlege og beste augeblikka.