Invester i minner av babyen

Dei fyrste dagane med ein nyfødt er magiske, kaotiske og dei går så utruleg fort. Nyfødtfotografering skjer helst innan dei fyrste 14 dagane etter fødsel. Denne tida søv babyen djupare og lengre noko som gjer det enklare å fange dei vesle hendene, dei skjønne detaljane og elles dei karakteristiske trekka til ein nyfødt. Desse forandrar seg overraskande fort. 

Eg kjem heim til dåke, der de allereie er trygge og kjende. Babyen får vere i sine naturlege omgjevnader, de slepp stresset med å komme dåke ut døra, og eventuelle søsken er i kjende omgjevnader som skapar ein fin ro. Eg tar med utstyr og rekvisittar til eit lite pop-up studio om ynskjeleg. Om de har personlege pledd, kelde eller andre detaljar som betyr noko for dykkar familie så får vi endå eit lag med personleg preg på bileta. 

Regel nummer ein er at babyen styrar fotograferinga. Vi set av god tid, minst to timar, og let det ta den tida det tek. Foreldre og søsken er sjølvsagt velkomne med på bileta.

Hugs å bestille i god tid, gjerne allereie i svangerskapet, slik at vi har ein fleksibel avtale i løpet av dei fyrste to dyrebare vekene.