Litt om fotografen

I 15 år har eg jobba profesjonelt med det visuelle, både med grafisk design, brukervennligheit og interaksjonsdesign og foto. Eg er utdanna med ein master i design frå Kunst- og Designhøgskulen i Bergen innanfor visuell kommunikasjon. Undervegs i utdanninga har eg også jobba kreativt med foto og har fordjupa meg i fotofaget og opparbeida meg mykje god erfaring med små og store prosjekt.

Som utdanna designer jobbar eg 100% med det i dag. Eg har jobba med små og store kreative byrå i både Bergen, Sunnfjord, Sogn og Fjaler. Etter fire års erfaring som UX designer i Carasent med fokus på brukervennligheit i kompleksesystem i helsemarkedet og arbeidsinkluderingsmarkedet er eg no tilsett som UX designer i Proresult og jobbar med system inn mot bygg- og anleggsbransjen.

Kameraet og fotografering er noko eg ikkje klarar å legge på hylla, uansett kor travelt det er får eg ekstra energi av å møte så mykje spennande folk og fange deira historier gjennom linsa. Eg tar på meg kun eit lite utval med fotooppdrag i løpet av året, så det er lurt å vere tidlig ute.

Ta kontakt for ein uformell dialog via e-post, Facebook eller Instagram. 
hei@sandradesignogfoto.no
Sandra design og foto

3 fakta

Tre ting om meg

  1. Mannen min og eg har vore saman sidan vi var 16. Nylig bikka vi grensa der vi har vore eit par lenger enn vi har vore utan kvarandre. 
  2. Hausten 2022 hadde eg 87 plantar å vatne på innandørs. Kanskje ein koronahobby som tok overhand?
  3. Krabbetor heitte eit fotballag eg spelte på i mine glansdagar i Bergen. Eg har teoriar, men ikkje fasit, på kva som ligg bak namnevalet.